![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
|
Eg vart presentert for denne verda 19.01.94, og tok mine fyrste andedrag på Stord. Eg spelar høgrekant for Stord HK og har gjort det i 1 år. I tillegg har eg 5 landskampar for yngrelandslaget til Norge.
Eg et helst laks og poteter eller kebab, med litt brus attåt. På skjermen ser eg på Criminal Minds, viss eg ikkje leitar fram favorittfilmane mine, The Fast and The furious 1-5. Ut av høgtalarane i stova kjem det som oftast nokre tonar frå diverse artistar og grupper.
Min sivile status? Eg er singel.
Er du fortsatt i tvil om kven eg er? Ta turen til Stord Idrettspark i haust og sjå etter ein 186 cm høg og 80 kg tung mann med talet 44 på ryggen.


|
Send ei melding til Morten her: |
Stord Handball og Kværner Stord har inngått ny og utvida samarbeidsavtale, og det vart i dag, onsdag 17. august, arrangert pressekonferanse i samband med dette. Administrerande direktør i Kværner Stord, Lars Eide, ser fleire synergiar ved avtalen: - Det er for oss viktig å vera ein sentral aktør i arbeidet med å leggja til rette for eit godt kulturtilbod lokalt. Dette er noko me har tru på at vil vera med på å auka både attraktiviteten til Stord som heimkommune og dermed også våre sjansar i rekrutteringsarbeidet.